SLUTTAR: IT-leiar Øyvind Angelskår i ImF ser seg om etter ny jobb. Her under miniarbeidarmøtet hausten 2017. FOTO: Brit Rønningen

‘- Gjorde meg sjølv overflødig

IT-leiar Øyvind Angelskår sluttar i Indremisjonsforbundet som del av nedbemanninga i organisasjonen.

Som Sambåndet meldte 15. desember, har ImF-styret funne det naudsynt med reduksjon i arbeidsstokken på hovudkontoret på Straume grunna eit underskot på om lag 1 million kroner på budsjettet for 2018. I eit brev datert 6. desember til dei tilsette skriv generalsekretær Erik Furnes mellom anna at det «vil vere naturleg å fokusere på arbeidsoppgåver som er blitt overflødige etter omstilling som er gjort i administrasjonen». Konkret sikta han då særleg til overgong frå lokal dataserver til «skybaserte» dataløysingar.

-Litt humoristisk har eg sagt at mitt hovudmål som IT-leiar i ImF har vore å gjera meg sjølv overflødig, og det har eg no for så vidt lukkast med, seier Øyvind Angelskår til sambåndet.no.

Fornuftig

Angelskår, som starta på oppseiingstida 1. januar, meiner den overgangen som har skjedd på IT-sektoren i ImF, er fornuftig.

 – Å drifta nokre serverar som står på eit rom på Straume, er ikkje det mest optimale. I mars i fjor flytta vi det som framleis treng lokal server, til ein ekstern leverandør, og det andre flytta vi til Microsoft i skya, seier Angelskår og held fram:

– Eg har sett på dette som ein fornuftig ting å gjera reint IT-teknisk. Konsekvensen er at dei IT-faglege oppgåvene er forsvunne, og dette gjer det mogleg for meg å søkja arbeidsoppgåver andre stader som er meir interessante reint fagleg, seier Angelskår.

Spesielt

Den avtroppande IT-leiaren peikar likevel på at det er spesielt å slutta av slike grunnar.

– Og eg har trivest veldig godt med både arbeidsoppgåver, kollegaer, leiarar og samarbeidspartnarar. Så eg er for så vidt lei meg for å måtte slutta i så måte.  Men eg ser ikkje mørkt på det.

Øyvind Angelskår har arbeidd i ImF sidan hausten 2009 og jobba før det i Statens vegvesen. Han er no i full gong med å søkja andre jobbar.

Forutan nedbemanninga på IT har ein av journalistane i ImF Media, Vilhelm Viksøy, takka ja til å dela seg likt mellom ImF og P7 Kristen Riksradio i 2018. Dette er imidlertid berre ein permisjon i 50 prosent frå om lag 1. februar.  

«Tusen gir tusen»

I romjula gjekk ImF-forkynnar Roald Evensen gjennom sambåndet.no ut med ei oppmoding til misjonsfolket om å gi ein tusenlapp ekstra i gåve. Om tusen gjer det, vil budsjettunderskotet vera dekka inn. 

Generalsekretær i ImF, Erik Furnes, er positiv til aksjonen frå Evensen.

– Det kan bidra til at folk vaknar litt og forstår at dersom vi skal ha ein organisasjon, må den ha noko å leva av, seier han til Kristelig Pressekontor (KPK).

Denne aksjon vil likevel ikkje hindra nedbemanninga.

– Det er kjærkome, men vi har framleis eit budsjett med usikre inntektspostar, seier Furnes, som legg til at gåvene kan hindra ytterlegere nedbemanning i framtida.

Flautt 

Roald Evensen meiner at oppmodinga hans om at «tusen gir tusen», er lite pengar i den store samanhengen.

– Det er nesten flautt at vi er nøydt til å gå ut med ei slik oppmoding, seier Evensen til KPK.

Han trur ikkje det er evne det står på hos misjonsvenene, men heller lite gjennomtenkt pengeforvalting.

– Det er ikkje fattigdom som gjer at det går i minus for ImF, men det kan fort bli at ein konsentrerer seg om eiga forsamling og gløymer hvor viktig organisasjonen er, seier forkynnaren.

Generasjonsskilje

Både Furnes og Evensen trur at givarmønsteret har endra seg med nye generasjonar.

– Jeg trur delar av den nye generasjonen ikkje forstår kor betydeleg og viktig nettverket i ImF er, seier Evensen til KPK.

– Den nye generasjonen har nok ikkje den same tanke for organisasjonen som tidligare og er meir opptatt av eiga forsamling og krets, seier Furnes.

Generalsekretæren seier at heile den strukturelle organiseringa av ImF må opp til vurdering.

– Landskapet skiftar, og vi får fleire forsamlingar, som vi òg har oppfordra til. Samtidig ser vi at når det blir utvida med eigne stabar lokalt, utfordrar det organisasjonen sentralt. Vi må gjera oss fortente til støtte frå lokalt hald og tilby det dei treng frå sentralt hald, seier Erik Furnes.

Auke i skattefrådrag

ImF sentralt har 483 faste givarar gjennom ordninga med skattefrådrag for gåver til frivillige organisasjonar. Til saman gir disse 1,9 millioner kroner eller i gjennomsnitt 3800 kroner i året.

– Jeg er ikkje sikker på om misjonsfolket følgjer med på ordninga med skattefrådrag og den auken som har vore, seier Evensen.

For inntektsåret 2018 er maksimal sum ein kan få skattefradrag for, 40.000 kroner.

Glad, ikke svidd

– Givarteneste er så positivt formulert i Guds ord, seier Evensen ivrig.

Han strekar likevel under at han som forkynnar er forsiktig med å fortelja folk kor mykje dei skal gi.

– Noen ber jo folk om å «gi så det svir», men eg har ingenting med å fortelja folk kor mykje dei skal gi. Det står ingenting i Bibelen om at Gud velsignar ein svidd givar, men at han elskar ein glad givar, sier Evensen og legg til:

– Vi har mykje å vera takknemlige for.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.